Nyheter
forside > Nyheter
topp
- Hjem
- Klasseinndeling
- Kamparenaer
- Kampreglement
- Resultater
- Nyheter
- Kampoppsett
- Overnatting
- Måltider
- Transport
- Kveldsarrangement
- Oversiktskart
- Ofte stilte spørsmål
- Kontakt
- Linker
- Meld din interesse
bunn
Velkomen til Sommarland Cup 2014 !

Nå er det meste klart for det vi er sikre på blir ei flott cupoppleving i Bø 6-8 juni! Vi ser fram til å ta imot 205 lag med ivrige guttar og jenter samt mange spente foreldre, søsken m.fl

Innsjekking av laget

Alle lag må sjekke inn! Det er vår kontroll på at laget er på plass og møter opp på cupen. Innsjekking skjer i Gullbring Kulturanlegg frå kl. 17:00 til 23:00 fredag 6.juni. For at det skal gå så effektivt som muleg, ber vi om at berre lagleiar/trenar møter opp inne i lokalet. Cupen har sett opp eigne skilt i Bø sentrum til Gullbring samt til sentrale overnattingsstader. 

Spelarliste skal leverast på innsjekkinga. Vi ber om at denne er fyllt ut på førehand. Her er skjema

På innsjekking får laget tildelt overnattingstad (dei som har A-kort). Det blir også delt ut ei lagleiarmappe for kvart lag. Lagleiarmappa inneheld m.a.:

Lagleiarmøte – fredag 22:00 i Gullbring

Vi ber om at alle lag møter på dette. Vi tek ikkje ansvar for at informasjon til lag ikkje kjem fram dersom ein ikkje er representert på lagleiarmøte så sant dette ikkje er avtalt på førehand.

Kampoppsett / Resultatservice

Kampoppsettet er nå lagt ut. Kampoppsettet blir også slått opp på veggtavle i Gullbring (innsjekking). Resultat fra kampane blir fortløpande lagt ut på våre nettsider, jf menyen. Forklaring til banekode finn du under "Kamparena" i menyen til venstre. 

Bruk bussane våre!

Vi oppmodar laga til å bruke busstransporten som er satt opp. Det går 3 bussar pr time t/r gjennom heile helga og desse er gratis for alle våre deltakarar. Særleg gjeld dette dei som skal til Sandvoll, vår hovudarena, som i år har fleire banar enn tidlegare og vi veit av erfaring at det kan bli vanskeleg å finne parkering her. Så derfor: Bruk bussen! 

T-skjorte

Deltakerpremie er T-skjorter til spelarane. Desse blir delt ut samla til laget på Sandvoll etter siste kamp på sundag. Også søsken og andre som følger laget og som har B-kort kan få T-skjorte. Vi prioriterer barn, vaksne får så lenge lageret rekk. 

B-kort til foreldre, søsken og andre

Mange av laga har kjøpt B-kort til foreldre og andre som overnattar på campingplassar o.l. Desse vil ligge saman med deltakarkorta til laget som hentast på innsjekkinga. B-kortet inkluderer fri adgang til både Bø Sommarland og Sluserock (kveldsarrangement laurdag), samt T-skjorte (størrelse S, M. L) til barn/søsken.

B-kort kan også kjøpast på innsjekkinga fredag eller på kamparenaene Sandvoll og Telemarkshallen på laurdag.

Vi tilbyr også separate billettar til Bø Sommarland (2-dagars billett) for kr. 330. Også desse kan kjøpast på innsjekkinga fredag eller på kamparenaene Sandvoll og Telemarkshallen laurdag. Ved Telemarkshallen er det inngang til Bø Sommarland.

Kontakt med cup-leiinga

All kontakt med cup-leiinga under cupen må gå gjennom banesekretariata.

Med ønske om ei fin cuphelgj!

Turneringsleiinga Sommarland Cup


Wow - for eit Sluserockprogram!

 Adminral P, Gabrielle, CLMD, OnklP m.fl klar for Sluserock!

Alle cupdeltakarar har gratis inngang her!



Velkommen til Sommarland Cup 2014 - Påmeldinga er igang !
Vi ønskjer velkommen til cup i Bø helga 6-8 juni 2014.

PÅMELDINGA ER I GANG !

Bruk skjemaet i menyen til venstre (Påmelding).

Cupen i 2014 vil gå etter samme velkjente lest som tidlegare år. Stikkord er fotball, fotball og fotball - kombinert med bading og musikk ! 

Nytt av året er at vi går over til 7er fotball i 13-års klassene, at vi tllbyr 7er i tillegg til 11er for 14-års klassene, samt at vi tilbyr cup også til 10-års klassene, jenter og guttar. For 10åringane tilbyr vi 7er fotball. Sjekk fullstendig klasseinndeling.

Vi har også i år eit samarbeid med Sluserock. Artistlista der er ikkje offentliggjort ennå. Vi legg det ut så snart den er klar.